14 feb Rådmann til Fyresdal kommune
Posted at 08:42h
in Ledige stillinger
Fyresdal kommune er ein liten, men handlekraftig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har sterk fokus på nytenking og utvikling. Vår hovudmålsetjing er: Gjennom handlekraft, fleksibilitet og og utradisjonelle løysingar skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.
Da vår novarande rådmann sluttar våren 2019, søkjer vi hans etterfølgjar.
Til Fyresdal kommune søker vi ein framtidsretta og engasjert rådmann og samfunnsbyggar
Arbeidsoppgaver
Vi søkjer ein framtidsretta og engasjert samfunnsbyggjar som kan:
- Gjennom aktivt leiarskap motivere og skape engasjement hos medarbeidarar, folkevalde, innbyggjarar og næringsliv til vidare vekst og positiv utvikling i kommunen
- Vidareutvikle og tilpasse kommunen sine gode tenester i dialog med dei folkevalde, innbyggjarane, næringslivet, medarbeidarane og deira organisasjonar
- Skape motivasjon og arbeidslyst og arbeidslyst hos medarbeidarane gjennom ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg, handlekraftig og løysningsorientera
- Du arbeider målretta, delegerer, gjev ansvar og har gjennomføringskraft
- Du er omgjengeleg og uformell
- Du er lyttande, motiverande og tillitsskapande – og med evne til lagarbeid
- Du er innovativ og likar utfordringar