13 feb Valle Sparebank søker adm. banksjef
Posted at 15:26h
in Ledige stillinger
Valle Sparebank er ein sjølvstendig sparebank med forretningskapital på om lag 2,4 milliardar kroner, med hovudkontor i Valle og salskontor i Kristiansand og Vennesla. For tida er det 14 tilsette, og banken har mellom dei mest fornøgde kundane i Noreg. Banken samarbeider med 67 andre sparebankar i Eika Alliansen om løysingar på IT-drift, mobil- og nettbank, betalingsformidling, finansieringsløysingar, forsikringsprodukt etc. Valle Sparebank feira 150-årsjubileum i 2016, og er ein av landets mest solide bankar.
Administrerande banksjef gjennom 12 år sluttar for å gå over i annan jobb, og vi søkjer difor ein dyktig person til å overta.
Adm. banksjef med ansvar for aktivitetar og satsing innanfor heile bankens produktspekter og geografiske verkeområde
Hovedoppgåver:
- Dagleg leiing av banken
- Strategi/utvikling som sjølvstendig lokalbank
- Operativ leiing / personalansvar for tilsette i banken
- Sals- og marknadsfokus
- Representere /posisjonere banken i lokalmiljø og i aktivitetar regionalt/landsdekkande (Eika og andre interesseorg.)
- Vere ein positiv bidragsytar i den lokale samfunnsutviklinga
Spesiell fokus:
- Utvikle posisjonen banken har også utanfor Setesdal, med fokus på kjerneverdiane
- Konkurrentinformasjon, marknadsutvikling
- Trendar, utvikling og struktur i banksektoren
Personlege eigenskapar:
- Interesse og forståing for banken og posisjonen den har i lokalmarknaden
- God forståing for risiko og kvalitet i kredittprosessar
- Gode samarbeids- og leiareigenskapar, motivator for medarbeidarane
- Gode sosiale og kommunikative ferdigheiter, relasjonsbyggjar.
- Motivert for sal og salsoppfølging
- Målbevisst og resultatorientert
- Evne til å tenkje strategisk og langsiktig
Se utfyllende informasjon om stillinger her.