Ledige stillinger : Rådmann
Stillingsbeskrivelse

Rådmannen vår går over i anna stilling, og vi søker difor etter hans etterfølgjar. Vi ynskjer ein strategisk og operativ rådmann som er pådrivar i utviklinga av Seljord kommune, og ein aktiv deltakar i dei sakene som vil bidra til denne utviklinga.  

Hovudoppgåver:

 

  • Leiar for den samla kommunale administrasjon
  • Ansvarleg for utgreiing og framlegging av saker for politisk handsaming
  • Ansvarleg for iverksetting av vedtak
  • Ansvarleg for at sakshandsaming og drift er i tråd med gjeldande lover og regler, og at arbeidet er gjenstand for trygg kontroll.
  • Ansvarleg arbeidsgjevar for Seljord kommune
  • Resultatorientert og med fokus på positiv økonomisk utvikling

 

Bakgrunn/erfaring:

  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå, gjerne med leiarutdanning som tillegg
  • Leiarerfaring gjerne frå både offentleg og private verksemder, samt god kjennskap til kommunal verksemd
  • Erfaring frå verksemder med bredt kompetansegrunnlag, der  involvering/samspel har vore viktig for resultatutviklinga.
  • Erfaring med og ansvar for utviklings- og endringsprosessar.

Personlege eigenskaper/kompetanse:

  • Involverande / inkluderande / lyttande
  • Inspirerande og motiverande
  • Tydeleg, med godt forhold til organisasjonar og tilsette
  • Utadvent og relasjonsskapande, men bevisst posisjonen sin i eit politisk styrt miljø
  • Ambisiøs, målretta, ser nye moglege løysingar
  • Nettverksbyggar, sterk på relasjon
  • Skaper stabil og trygg atmosfære, støtte for sine tilsette

Vi tilbyr ei utfordrande og sentral stilling i eit levande og dynamisk lokalmiljø, konkurransedyktige vilkår og moglegheit for eigenutvikling i eit godt arbeidsmiljø.

Tiltreding så snart som mogeleg, eller etter avtale.


Attester og vitnemål vil vi eventuelt komme tilbake til på et senere tidspunkt.
Vi innestår for konfidensiell behandling av alle henvendelser inntil nærmere avtale også overfor vår oppdragsgiver.

CR Group - Din partner innen rekruttering, lederutvikling og rådgivning


Selskapsbeskrivelse


Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygd barnehagetilbod, 3 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med idrettshall og treningssenter. Innbyggjartalet er omlag 3000, og det er ca. 350 tilsette i kommunen.

 


Informasjon
Tittel:
Rådmann  
Sted:
Seljord  
Arbeidsgiver:
Seljord kommune  
Søknadsfrist:
31. mars 2017  
Kontaktpersoner CR Group
KontaktpersonTelefon
Øystein Aarrestad908 33 304
Kontaktpersoner Arbeidsgiver
KontaktpersonTelefon
Ordførar Halfdan Haugan 913 98 700